Oppføring av nybygg i Kvinnherad

Går du med ein draum om eit hus tilpassa deg og heile din familie? Et hus med eiga bad tilknytt kvart av soveromma, eiga kjellarstove der barna kan sjå på TV, to gjesterom for når bestemor og tante kjem på besøk, og ei bod for oppbevaring av akebrett, grasklippar og anna hageutstyr? Dette er ein draum vi i Byggfirma Kjell Høyland AS kan hjelpe deg med.

Før ein går i gang med å realisere byggjedraumen, er det viktig å planleggje byggjeprosessen. Dette gjerast i samarbeid med firmaet som skal byggje huset. Byggfirma Kjell Høyland AS har fokus på at denne prosessen skal bli ei god oppleving for kunden. Vi skal informere, opplyse og komme med forslag til kunden, slik at vi saman kan komme fram til det beste resultat.

Byggfirma Kjell Høyland AS utfører oppføring av nybygg i Kvinnherad.

Rehabilitering i Kvinnherad

Eig du eit hus som ikkje har vore pussa opp sidan 60-talet? Då er det på tide å gjere noko med dette. Byggfirma Kjell Høyland AS planleggjer oppussinga saman med kunden, og kan totalforvandle ditt hus frå rønne til herskapshus!

Byggfirma Kjell Høyland AS utfører rehabilitering av hus og leilegheiter i Kvinnherad.

roynsle

Vi har lang røynsle innan byggfaget

kvalitet

Vi har den kompetanse som trengs for å skape kvalitet

kundar

Vi lyttar til våre kundars ynskjer

Vi utfører:

  • Uavhengig kontroll (krav etter Plan og Bygningsloven 1.jan 2013)
  • Nybygg
  • Tilbygg
  • Rehabilitering
  • Skifting av tak og vindauge
  • Utleige av div. maskiner og utstyr
  • Radonmåling + tiltak

Kontakt oss

Vi forstår at du ynskjer meir informasjon om kva vi kan tilby deg, før du inngår eit samarbeid med oss. Difor oppfordrar vi deg til å ta kontakt med oss, slik at vi kan avtale eit møte kor vi kan gå gjennom dine behov og dine ynskje, og dermed legge fram eit pristilbod som både vi og du kan vere nøgd med. Du når oss sjølvsagt på telefon, men du kan også sende oss ein e-post med dine spørsmål, om dette er enklare for deg.